lade...
random avatar

ardjar - Network

Posts Subscribe

Eg var visst gjest i ein podkast førre veke og snakka om esperanto. Litt vanskeleg å skjule, så eg kan like gjerne...

https://snabelen.no/@ardjar/1141...

Eg var visst gjest i ein podkast førre veke og snakka om esperanto. Litt vanskeleg å skjule, så eg kan like gjerne tilstå.

shows.acast.com/198-land-med-e

17.3.2025 20:44Eg var visst gjest i ein podkast førre veke og snakka om esperanto. Litt vanskeleg å skjule, så eg kan like gjerne...
https://snabelen.no/@ardjar/1141...

Til dei som la merke til ballongane til Melby kl. 18:23 på Dagsnytt 18 (på 23 m 15 s i opptaket). Det som truleg skjedde, var at ho deltok...

https://snabelen.no/@ardjar/1140...

Til dei som la merke til ballongane til Melby kl. 18:23 på Dagsnytt 18 (på 23 m 15 s i opptaket). Det som truleg skjedde, var at ho deltok via ein relativt ny Mac, og viste replikkteikn (V-teikn) til programleiaren. Det kan utløyse ballongar dersom ein ikkje skrur av automatikken. Vi har fått den same overraskinga med hermeteikn-fingrar i videosamtale her i familien.

NRK: tv.nrk.no/se?v=NNFA56021725&t=
Apple: support.apple.com/no-no/105117

17.2.2025 23:02Til dei som la merke til ballongane til Melby kl. 18:23 på Dagsnytt 18 (på 23 m 15 s i opptaket). Det som truleg skjedde, var at ho deltok...
https://snabelen.no/@ardjar/1140...

akademisk humorSkilnaden mellom filologi og lingvistikk er eit spørsmål om perspektiv.Lingvistikk: Det nye året tek til ved midnatt den...

https://snabelen.no/@ardjar/1137...

akademisk humor


Skilnaden mellom filologi og lingvistikk er eit spørsmål om perspektiv.

Lingvistikk: Det nye året tek til ved midnatt den 1. januar. Jorda har mange tidssonar.

Filologi: Noko heilt spesielt for Noreg er at vi alltid går inn i det nye året ved midnatt den 1. januar, ikkje klokka 14 på nyårsaftan som i Australia.

Godt nytt år, då, folkens.

1.1.2025 13:36akademisk humorSkilnaden mellom filologi og lingvistikk er eit spørsmål om perspektiv.Lingvistikk: Det nye året tek til ved midnatt den...
https://snabelen.no/@ardjar/1137...

Slåande at medan NTNU planlegg fellescampus for at alle liksom skal vere på éin stad, så snakkar folk på NTNU Dragvoll om at dei skal...

https://snabelen.no/@ardjar/1136...

Slåande at medan NTNU planlegg fellescampus for at alle liksom skal vere på éin stad, så snakkar folk på NTNU Dragvoll om at dei skal ha heimekontor om fem år, og legg planar for dette, fordi det ikkje vert plass til oss og bøkene våre på fellescampus.

20.12.2024 19:55Slåande at medan NTNU planlegg fellescampus for at alle liksom skal vere på éin stad, så snakkar folk på NTNU Dragvoll om at dei skal...
https://snabelen.no/@ardjar/1136...

Førjulstankar frå Dragvoll:Ikkje at eg VIL at han Vladimir skal gå til åtak på oss. Det vil eg ikkje. Men DERSOM han gjer det, så...

https://snabelen.no/@ardjar/1136...

Førjulstankar frå Dragvoll:

Ikkje at eg VIL at han Vladimir skal gå til åtak på oss. Det vil eg ikkje. Men DERSOM han gjer det, så slepp vi kanskje å flytte til Gløshaugen.

11.12.2024 22:07Førjulstankar frå Dragvoll:Ikkje at eg VIL at han Vladimir skal gå til åtak på oss. Det vil eg ikkje. Men DERSOM han gjer det, så...
https://snabelen.no/@ardjar/1136...

Brutal, musikalsk politisk satire frå ein kjend tysk kabaretartist.Bodo Wartke: Es wird Zeit!Songen er opphavleg frå 2019, men er evig...

https://snabelen.no/@ardjar/1134...

Brutal, musikalsk politisk satire frå ein kjend tysk kabaretartist.


Bodo Wartke: Es wird Zeit!
Songen er opphavleg frå 2019, men er evig aktuell. Ikkje naudsynleg veleigna for publikum med valdstraume.

(Ein kan slå på tysk teksting. Automatisk omsett teksting til andre språk finst bak tannhjulet når teksting er påslegen. Den automatiske engelske tekstinga er betre enn den norske.)

youtube.com/watch?v=vEcHdAM1GS

2.11.2024 13:39Brutal, musikalsk politisk satire frå ein kjend tysk kabaretartist.Bodo Wartke: Es wird Zeit!Songen er opphavleg frå 2019, men er evig...
https://snabelen.no/@ardjar/1134...

Då campus Gløshaugen sidan sokk i Nidelva under det store kvikkleireskredet i 2036, var det endeleg empirisk stadfesta at prosjektet ikkje...

https://snabelen.no/@ardjar/1133...

Då campus Gløshaugen sidan sokk i Nidelva under det store kvikkleireskredet i 2036, var det endeleg empirisk stadfesta at prosjektet ikkje var bygt på sandgrunn. Den dag i dag vert det fortalt at om natta kan ein høyre gjenklangen av dei siste ropa frå hovudbygninga: «Sjå, no bumpar dei borti kvarandre, no bumpar dei!» (4/4)

25.10.2024 18:44Då campus Gløshaugen sidan sokk i Nidelva under det store kvikkleireskredet i 2036, var det endeleg empirisk stadfesta at prosjektet ikkje...
https://snabelen.no/@ardjar/1133...

Rektor la til at han for skams skuld hadde ført riksrevisoren som medforfattar for talen. Riksrevisoren ytra seinare misnøye med dette,...

https://snabelen.no/@ardjar/1133...

Rektor la til at han for skams skuld hadde ført riksrevisoren som medforfattar for talen. Riksrevisoren ytra seinare misnøye med dette, då han opphavleg hadde planlagt å bruke nøyaktig same forfattarstrategi for å skrive sin tale om nettopp campussamlinga etter kontrollen i 2031. Heile rapporten hans om prosjektet vart den gongen stoppa pga. mistanke om sjølvplagiat. (3/4)

25.10.2024 18:44Rektor la til at han for skams skuld hadde ført riksrevisoren som medforfattar for talen. Riksrevisoren ytra seinare misnøye med dette,...
https://snabelen.no/@ardjar/1133...

– Nei, ingen konsulentar her, svarte rektor stolt: Eg tok rett og slett talen som riksrevisoren heldt den 24. oktober 2024, søkte opp...

https://snabelen.no/@ardjar/1133...

– Nei, ingen konsulentar her, svarte rektor stolt: Eg tok rett og slett talen som riksrevisoren heldt den 24. oktober 2024, søkte opp alle førekomstar av ordet «Helseplattformen», og erstatta det med «Campusprosjektet». Då vart det skikkeleg festtale. (2/4)

25.10.2024 18:43– Nei, ingen konsulentar her, svarte rektor stolt: Eg tok rett og slett talen som riksrevisoren heldt den 24. oktober 2024, søkte opp...
https://snabelen.no/@ardjar/1133...

Frå boka Campusen som sokk i Nidelva, utgjeven på Universitetsforlaget i 2072:Då rektor føretok den høgtidlege opninga av fellescampus...

https://snabelen.no/@ardjar/1133...

Frå boka Campusen som sokk i Nidelva, utgjeven på Universitetsforlaget i 2072:

Då rektor føretok den høgtidlege opninga av fellescampus på Gløshaugen i 2029, hausta han mykje skryt frå direktørane sine for den fantastiske festtalen. Dei meinte at talen viste for heile verda kva NTNU hadde fått til, og korleis det faktisk skal gjerast. Adresseavisens journalist på staden spurde rektor etterpå om han hadde fått konsulenthjelp i taleskrivinga. (1/4)

25.10.2024 18:43Frå boka Campusen som sokk i Nidelva, utgjeven på Universitetsforlaget i 2072:Då rektor føretok den høgtidlege opninga av fellescampus...
https://snabelen.no/@ardjar/1133...

«For mangt eit felt gjeld at vi som lever no, er dei siste som kan det.» — Eg har blogga litt om «Draumen om...

https://snabelen.no/@ardjar/1132...

«For mangt eit felt gjeld at vi som lever no, er dei siste som kan det.» — Eg har blogga litt om «Draumen om realityuniversitetet».

jardar.wordpress.com/2024/10/0

1.10.2024 18:34«For mangt eit felt gjeld at vi som lever no, er dei siste som kan det.» — Eg har blogga litt om «Draumen om...
https://snabelen.no/@ardjar/1132...

Dei gamle blada skulle eigentleg kastast, men i staden kontakta vi Nasjonalbiblioteket, som tok imot store delar av bunkane med opne armar....

https://snabelen.no/@ardjar/1130...

Dei gamle blada skulle eigentleg kastast, men i staden kontakta vi Nasjonalbiblioteket, som tok imot store delar av bunkane med opne armar. Lærdom: Gamle blad kan ha ein større verdi for Nasjonalbiblioteket enn for søppelkonteinaren. Eg har blogga om det.

jardar.wordpress.com/2024/08/3

1.9.2024 13:17Dei gamle blada skulle eigentleg kastast, men i staden kontakta vi Nasjonalbiblioteket, som tok imot store delar av bunkane med opne armar....
https://snabelen.no/@ardjar/1130...

Eg vil oppmode folk til om mogeleg å rygge inn når dei parkerer bilen, heller enn å rygge...

https://snabelen.no/@ardjar/1130...

Eg vil oppmode folk til om mogeleg å rygge inn når dei parkerer bilen, heller enn å rygge ut.
jardar.wordpress.com/2024/08/2

21.8.2024 18:11Eg vil oppmode folk til om mogeleg å rygge inn når dei parkerer bilen, heller enn å rygge...
https://snabelen.no/@ardjar/1130...

Det er heilt sant, for eg høyrde det på radio i dag. NRK fortalde at «SAS har problemer med bookingsystemet deres». Eg synest SAS skal...

https://snabelen.no/@ardjar/1128...

Det er heilt sant, for eg høyrde det på radio i dag. NRK fortalde at «SAS har problemer med bookingsystemet deres». Eg synest SAS skal halde seg til sitt eige bookingsystem, eg.
@anglipol

19.7.2024 16:57Det er heilt sant, for eg høyrde det på radio i dag. NRK fortalde at «SAS har problemer med bookingsystemet deres». Eg synest SAS skal...
https://snabelen.no/@ardjar/1128...

Ein utanbys kollega treng vitskapleg assistent, typisk ein kløktig student. Eg vart spurd til råds. Dessverre har NTNU lagt ned aktuelle...

https://snabelen.no/@ardjar/1119...

Ein utanbys kollega treng vitskapleg assistent, typisk ein kløktig student. Eg vart spurd til råds. Dessverre har NTNU lagt ned aktuelle studieprogram, og eg får heller ikkje undervise i slikt på andre måtar. (Det vart i si tid grunngjeve med at det er så få som kan sånt, så då er det ikkje robust å tilby undervisning i det.) Dermed er dette i dag ein døyande kompetanse, og då får altså forskinga nasjonalt eit problem. «Forskinga skal halde fram» sa fakultetet då dei la oss ned. Haha.

26.2.2024 18:02Ein utanbys kollega treng vitskapleg assistent, typisk ein kløktig student. Eg vart spurd til råds. Dessverre har NTNU lagt ned aktuelle...
https://snabelen.no/@ardjar/1119...

Eg treng stendig bøker som eg ikkje har opna på lange tider. I går var det for å hjelpe ein student, i dag trong eg sjølv ei slik bok....

https://snabelen.no/@ardjar/1119...

Eg treng stendig bøker som eg ikkje har opna på lange tider. I går var det for å hjelpe ein student, i dag trong eg sjølv ei slik bok. Ein veit aldri kva for ein flik av faget ein treng. Tankegangen at «ansatte skal vurdere hvilke bøker de skal ta med seg», er symptom på kompetansemangel hjå sentrale instansar. Pålegg slike instansar å fjerne ti bokstavtastar frå tastatura sine, slik at dei må vurdere kva for nokre bokstavar dei skal bruke i framtida.
universitetsavisa.no/helgasetr

20.2.2024 21:07Eg treng stendig bøker som eg ikkje har opna på lange tider. I går var det for å hjelpe ein student, i dag trong eg sjølv ei slik bok....
https://snabelen.no/@ardjar/1119...

Nei då, Universitetsavisa. @anglipol

https://snabelen.no/@ardjar/1119...

Nei då, Universitetsavisa. @anglipol

20.2.2024 10:56Nei då, Universitetsavisa. @anglipol
https://snabelen.no/@ardjar/1119...

Jamfør herverande tråd om at Bufdir henta ut privat kontaktinfo frå kontakt- og reservasjonsregisteret og gav til Norsk Gallup. Denne...

https://snabelen.no/@ardjar/1118...

Jamfør herverande tråd om at Bufdir henta ut privat kontaktinfo frå kontakt- og reservasjonsregisteret og gav til Norsk Gallup. Denne bruken skulle fyrst vurderast av Digdir. No har Digdir svart på førespurnaden min om vurderinga. Dei seier seg leie for at det tok tid å svare, og fortel: «Vi kan diverre ikkje sjå at vi har vurdert bruken i dette tilfelle du viser til. Av kapasitetsmessige årsaker er vi avhengige av at verksemdene som nyttar registeret i hovudsak gjer denne vurderinga sjølv.»

30.1.2024 20:03Jamfør herverande tråd om at Bufdir henta ut privat kontaktinfo frå kontakt- og reservasjonsregisteret og gav til Norsk Gallup. Denne...
https://snabelen.no/@ardjar/1118...

Snøfall 2, episode 11Luna fortel ikkje kva ho har gjort, men inngår avtale med Dunkel for å sleppe å fortelje, Pil fortel ikkje Julius...

https://snabelen.no/@ardjar/1115...

Snøfall 2, episode 11


Luna fortel ikkje kva ho har gjort, men inngår avtale med Dunkel for å sleppe å fortelje, Pil fortel ikkje Julius om Noah og det som Noah kan fortelje frå VU, Julius spør ikkje Pil om folket i Snøfall har fått vite noko nytt medan han var borte, men berre stikk av til vidda for å gjere alt på eiga hand, Noah fortel ikkje ønsket sitt til Pil, Pil tek ikkje Amina på alvor. Dette er steikje dårleg kommunikasjon. På denne måten kjem de ikkje i mål før julaftan! Skjerp dykk!

11.12.2023 21:00Snøfall 2, episode 11Luna fortel ikkje kva ho har gjort, men inngår avtale med Dunkel for å sleppe å fortelje, Pil fortel ikkje Julius...
https://snabelen.no/@ardjar/1115...

Oppsummering for dei uinnvigde: Vi skal flytte alle tilsette på Dragvoll til Gløshaugen og få fellescampus, det vert rettnok ikkje plass...

https://snabelen.no/@ardjar/1114...

Oppsummering for dei uinnvigde: Vi skal flytte alle tilsette på Dragvoll til Gløshaugen og få fellescampus, det vert rettnok ikkje plass til dei tilsette, så det vert ikkje så veldig felles, men sidan det heller ikkje vert skikkelege kontor, gidd ikkje folk å vere på arbeidsplassen uansett, så det gjer ikkje noko at vi ikkje får plass til dei tilsette, ettersom vi får fellescampus, og det er det viktigaste.

universitetsavisa.no/campuspro

29.11.2023 15:48Oppsummering for dei uinnvigde: Vi skal flytte alle tilsette på Dragvoll til Gløshaugen og få fellescampus, det vert rettnok ikkje plass...
https://snabelen.no/@ardjar/1114...
Subscribe
To add news/posts to your profile here, you must add a link to a RSS-Feed to your webfinger. One example how you can do this is to join Fediverse City.
         
Webfan Website Badge
Nutzungsbedingungen   Datenschutzerklärung  Impressum
Webfan | @Web pages | Fediverse Members